FRITT PÅ FJELLET
Tekst Ivar O. Eide - Melodi: Eilif
Guldbrandsen
Fritt på fjellet mellom dalom,
finn du Folldal heimen
vår
Her har bygt og bur på gardom, hardført folk i tronge kår
Høgt ligg bygda kald og berr, verhard
og men lell så kjær
Oppi bakkom husa gråe, fedrann
braut med staur og grev.
Jorda skrinn og bruka småe, litor
løn og mykje strev.
Kornet fraus til kvart eit år, Magert
fe vart slept kvar vår
Her er malm fra mørke fjellet, brote
fram i hundre- år
Buande og berg-geselle, møtte
her dei same kår
Først da fossen stemde i, kom
ei ny og betre tid
Såg du hit når vinter frøste, - hø og
himmel stod i kok
Men når gull i tindom gløste, blank og blekstill vidda log.
Roglut røy og rjupe kvit, lokka
oss på skiom hit
Sjå Sjohetta kledd i linet, -
bleike brur på Dovrefjell.
Rondann blåare enn hine, ris
mot sky i sol og svell
Våren kjem med seterliv, sau og geit i
høom kliv.
Her er villrein innpå høgdom, aure
fin i tjønn og sjø
Oppi viggom og i sløgdom, myrbærtuvunn
brenn som glør
Attmed bekk med skrale bru, står
ei værgrå måsåbu
Støtt eg ber deg i mitt minne, kjære
bygd bak blåe fjell
Kvar eg ferdast vil eg finne, heim
åt deg og hugleg stell
Minnet gøymde kvar eg for, Dale’n
og heimen, far og
mor